Biografi
Biografi om Inger Lise Stulien
Lorem ipsum sed dolor

Biografi om Inger Lise Stulien
![]() ”Song og musikk har vore sentralt i livet mitt sidan eg var lita jente. Fyrste gong eg song på radioen (NRK Sørlandet) var eg fire år. Eg har gitt ut ein single kassett som 14-åring. I 1998 ga eg ut ein familie CD: ”Barndomsminner”, med far min på trekkspel og fem syngjande systre. I 1999 ga eg og syster mi, Grethe Stulien Lauen, ut ein CD ved namn ”September”. Eg har laga fleire demo-innspelingar i ulike studio på Sørlandet. Ein tidlegare CD heiter ”Steikeplatå” og vart gitt ut i 2001, ein CD med sjølskrivne jolesongar på dialekt. Songtekstene skildrar jolefeiring og mattradisjonar frå heimtraktene mine. Coveret laga eg som ei ”kokebok” med 50 oppskrifter på god gamaldags jolemat, som eg hadde vore rundt og samla inn frå heimbygda mi Byremo/dei indre bygder i Vest Agder. Den nyaste CD-en min hadde plateslepp hausten 2008 under Dark Season festivalen i Kristiansand, og heiter ”Okke to”. Eg har med jamne mellomrom hatt ulike framføringar med familie (far og åtte sysken), andre musikarkollegaer og artistar, og halde fleire konsertar med eige band, hovudsakleg på Sørlandet, med eit par konsertavstikkarar til USA, Finnmark og Svalbard. Fleire av songane eg framfører er spelelista på radio av NRK P1 og Sørlandssendinga. Nokre av songane mine har vunne Sørlandstoppen på NRK fleire veker på rad. Her kan nemnast bl.a ”Stemmen”, ”Glosteik”, ”Haven`t found it yet”, ”Don`t make it hard for me”, ”From a distance ”, ”Lonely at the right time”. Vidare har eg hatt fleire song- og bokkveldar i regi av Noregs Mållag og Blåmann Barnebokklubb, for å prøve å motivere born og unge til å lese og synge meir på nynorsk. Eg har dessutan vitja skular med same opplegg og mål for auga. Eg vart tildelt Målblomen i 2003 av Noregs Mållag for innsatsen min for nynorsk songkultur på Agder. Eg har utarbeidd og framført eit kyrkjekonsert program med tittel ”10 vers og 10 songar”. Dette omhandlar ei 10-punktsreise gjennom livet frå vogge til grav. Vidare har eg turnert saman med Jan Engervik rundt på Sørlandet med konseptet:” Livet og fridomen”, med songar av Evert Taube og Mikis Theodorakis. Bjøro Håland er og ein artist eg har samarbeidd med frå tidlegare år. På det nyaste produktet, Cd-plata kalla ”Okke to”, har eg skrive eigne tekstar på nynorsk og dialekt. Tema for songane er mellommennesklege relasjonar; små og store augneblink i kvardagen; om glede og sorg; om nytt liv og om døden; om kjærleik og sakn. Eg skriv og syng for det meste på dialekt fordi eg tykkjer det er den mest naturlege måten for meg å uttrykkje meg på, og slik kjem eg nærare tekstane i songen og musikken. Hausten 2009 lanserer Protestfestivalen ein ny CD: ”Fight apathy”. Songen, ”Cant`t be taken away”, er mitt bidrag her. Alexander Rybak var med meg i studio og spelte fele til songen min. |