Heim

Inger Lise Stulien

Song og tradisjon er sentrale omgrep i livet til Inger Lise Stulien. Ved å syngje på dialekt og nynorsk, målforma som ligg hjarta hennar nærast, skapar ho nærleik og kjærleik til tekst og melodi gjennom songformidlinga si.
Det musikalske landskapet til Inger Lise ligg i folkevise-pop-sjangeren, med innslag av country, roots og folkemusikk.

Inger Lise skriv dei fleste tekstene sine sjølv, i tillegg til nokre av melodiane. Ho samarbeider mykje med gitarist og låtskrivar Knut Kjetil Møen. Dei to har samarbeida i over 20 år og har skrive mykje musikk saman.

Songane spennar frå å vere lettstemde og glade til melankolske, vakre kjærleikssongar. For andre av låtene er tema sorg og sakn. Både tekst og melodiar har ei varm undertone der takksemd og gleda over livet står sentralt. Songane speglar såvel dei gode som dei såre kontrastane vi kan kjenne på i livet.

Dei fleste platene er innspelt i Kongshavn studio med Bjørn Ole Rasch som produsent. Plateselskapet GRAPPA er utgjevaren av dei fem siste albuma.

Nyaste singelen er innspela i CB studio, eit nytt samarbeid ho har saman med sin nevø, Arthur Stulien, der dei syng duett. Singelslepp i mai 2023 med songen: «I don`t miss you». Her har ho med dyktige musikarar i bandet: Knut Kjetil Møen på gitarer, Jenee Fleenor på fele (CMA winner 2022,) Vidar Dale på steelgitar, Christian Seneger på trommer, Kristian Vågsnes på bass, Jason Roller på mandolin.

Diskografi

Klikk på skiva for å høyra på albumet på Spotify

catarula
disco
I Don't Miss You
Inger Lise Stulien og Arthur Stulien - 2023
catarula
disco
Nashville
Inger Lise Stulien - 2020
catarula
disco
Samklang
Inger Lise Stulien - 2018
catarula
disco
Berre deg
Inger Lise Stulien - 2015
catarula
disco
Min vår
Inger Lise Stulien - 2013
catarula
disco
Heim te jol
Inger Lise Stulien - 2011
catarula
disco
Okke to
Inger Lise Stulien - 2008
catarula
disco
Steikeplatå
Inger Lise Stulien - 2008
catarula
disco
September
Grethe & Inger Lise Stulien
catarula
disco
Barndomsminner
Familien Stulien

Konsertar

Kom og høyr på god musikk

Desember

"Jol på Syrtveit"

Klikk for meir info


Syrtveit, Setesdal 16:00 - 21:00
Kjøp billett

Eller ring 37 93 15 15

August
Kjøp billett

Eller ring 37 93 15 15

Nashville

Hausten 2019 pakka Inger Lise kofferten, og fylgde ein mangeårig draum om å reise til countrymusikkens vogge, for å spele inn ny musikk - 23 år etter at ho sist var der. Forrige gong ho var innom Nashville var då ho reiste til USA med PTA band og opptrådte på Norsk haustfestival i Minot, Nord Dakota. Denne gongen hadde ho med seg nyskrivne songar på engelsk, og Jeff Taylor var produsent. Vèl tilbake frå Amerika kom pandemien og alt av konsertar vart avlyst. «Nashville» plata blei Agders høgaste plateslepp, på fjelltoppen i Setesdal, Sæbyggjenuten 1507 moh, og med NRK TV bak på sleden, som laga reportasje om dette til Norge Rundt.

Lang rekke samarbeid

«Samklang» er ei duettplate med mange duettpartnarar frå artist-Noreg. Her kan nemnast: Kirsten Bråten Berg, Thom Hell, Olav Stedje, Sondre Bratland, Trygve Skaug, Kim Rysstad, Martin Wikstøl, Tonje Haugland, Rolf Lislevand, Dag Erik Oksvold, Stein Roger Sordal, Jan Engervik, Annbjørg Lien, Fjellfolk, Norwegian Gospel Singers, Tom Jarle Istad Kristiansen

Far, Arthur Stulien, gjer ein trekkspelsolo på ein song ho har skrive som ein hyllest til hennar gode barndom, den siste trekkspelsoloen han gjorde før han døydde, 91 år gamal. Alle åtte syskena syng med på denne songen: «Minnebok», og finnast på musikkvideo.

Grunna pandemien måtte Inger Lise, som mange andre som driv med kultur, tenkje annleis og alternativt. Ho etablerte Setesdal Kulturnè og Jol på Syrtveit, dette i godt samarbeid med turoperatør Risdal Touring. I begge desse arrangementa inviterer ho folk heim til gards for konsert, kringle, kaffi og kunstutstilling. Jolemarknaden ho har skipa til er ein del av dette når desember kjem.

Nyaste musikalske prosjekt er duetten ho gjer saman med sin nevø, Arthur Stulien, som er oppkalla etter Inger Lise sin far. Dette samarbeidet har allereie fått god mottaking og veldig god respons. Dei gjer fleire konsertar kvar for seg, men har no byrja å fått oppdrag saman.

Inger Lise Stulien

"Korleis skiljer plata di seg ut blant mylderet av andre juleplater?"


- "Ikkje minst fordi at alle songane er på nynorsk og dialekt. Eg har alltid vore stolt av dialekten min, og har vore opptatt av at ein skal halde på han i staden for å vere flau over målforma. Det er naturleg for meg å gjenspeile dette i musikken min, seier ho."

Fritt frå fvn.no 15/12/11

Musikkvideoar

Sjå dei på YouTube

Minnebok
Inger Lise Stulien - 2018
Eit haldepunkt
Inger Lise Stulien - 2014
Himmelen i mi famn
Inger Lise Stulien - 2013
Heim te jol
Inger Lise Stulien - 2012
Eit Jolekort
Inger Lise Stulien - 2011
Fager kveldsol smiler
Inger Lise Stulien med barnekor - 2013
Gi ei hånd
Sør for Sørøst - 2010
The mission of the heart
PG Stølen & Inger Lise Stulien - 2014
Still together
PG Stølen & Inger Lise Stulien - 2014

Målblomen

Inger Lise er i frå bygda Byremo i Agder, men no busett i nedre Setesdal der ho jobbar som lærar i tillegg til å drive med musikk. Ho er utdanna lærar, adjunkt med opprykk. Ho har fire år med allmennlærarutdanning i tillegg til fire årsstudium frå UiA. Inger Lise har hatt fleire song- og bokkveldar og vitja skular og barnehagar med fokus på norske songskattar.
Inger Lise vart tildelt Målblomen av Noregs Mållag, for hennar innsats for den nynorske songkulturen.

Oppvekst, utgjevingar og musikalske prosjekt

Songen har alltid vore ein viktig del av hennar liv. Fyrste gong ho song på Sørlandssendinga på NRK var ho berre fire år gamal. Ho er yngst av ein syskenflokk på åtte, ein musikkglad familie. Faren spelte trekkspel og ho og syskena var med og opptrådte på ulike tilstelninger opp igjennom oppveksten.

Som 14 åring banka ho på døra til Cross lydstudio hos Alf Emil Eik. Ho bruka alle konfirmasjonsmidlane sine på å spele inn ein singelkassett, som oppnådde mange veker med fyrsteplasseringar på Sørlandstoppen. Med åra har det blitt 9 CD utgjevingar, herav 7 soloalbum og fleire singlar. Fleire av songane er A og B lista på norsk radio. «Syng meg heim» som ho syng i duett med Kim Rysstad er blant dei mest spela på P1 av hennar utgjevingar, skriven av Knut Kjetil Møen og Håvard Opheim.

«Steikeplatå» er ei joleplate med «kokebok» i coveret der ho samla oppskrifter og mattradisjonar frå heimtraktene. Den andre joleplata «Heim te jol», presenterte ho på direktesendt God Morgen Norge, TV2, ho fekk terningkast 5 i både Fædrelandsvennen og Dagbladet. Ho har laga musikkvideo til fleire av desse songane. På «Min vår» hadde ho med seg 200 born, frå Evje, til å kore på eit par av songane frå den norske songtradisjonen.

Inger Lise har hatt ei rekkje kyrkjekonsertar, ei 10-punktsreise gjennom livet frå vogge til grav. Med denne konsertserien vitja ho Svalbard og Kirkenes, samt Sørlandet.

Med Jan Engervik turnerte ho med konseptet:” Livet og fridomen”, svenske og greske viser av Evert Taube og Mikis Theodorakis. Inger Lise har turnert saman med Bjøro Håland, John Brack og Stella Parton. Stulien song duett saman med Bobby Bare då han vitja Noreg under Breim countrytreff.

På ”Cant`t be taken away” var ho i studio saman med Alexander Rybak på fele, som bidrag til «Fight apathy», Nordens verdifestival. Ho er aktuell med ulike konsertar rundt om i Sør Noreg, og har eit samarbeid med «Facing a child» om årlege sommarkonsertar, og nyttårskonsertar saman med Agder Symfoniorkester.

I tillegg har ho utvikla ulike kulturarrangement heime på garden, der ho skreddersyr opplegg for ulike målgrupper. Her tilbyr ho konsert, kunstutstilling og servering.

Info og Booking

Ta gjerne kontakt om du ønskjer booking eller har andre spørsmål.

(+47) 950 29 819

www.inger-lise.no